Selja Kloster

Korleis reise hit

Korleis reise hit?

 

Selja kloster ligg på øya Selja i Selje kommune, ytst i havgapet i Nordfjord i Sogn
og Fjordane. Frå kaia ved torget i Selje sentrum går det båttransport til klosteret.


REISE MED BIL

Ynskjer du å køyre kan du vente følgjande reisetid til Selje sentrum:

(Klikk på stadnamnet for å sjå kart med føreslåtte køyreruter)

Nordfjordeid 1 t

Måløy 45 min

Stryn 1 t 45 min

Ålesund 3 t

Bergen 6 t

Oslo via Lillehammer/Otta/Stryn 8 t

 Oslo via Hemsedal/Sogndal 8 t 20 min

Trondheim via Otta/Stryn 8 t (7 t 30 min.)

Trondheim via Molde 8 t 30 min. 

Parkering

Parkering finn du i sentrum: på nordsida ved Coop prix, ved Seljevågen og ved Sunnivahuset (kvitt murhus ovafor Shell/bunnpris)

REISE MED EKSPRESSBÅT

Norled har daglege avgangar frå Bergen, Florø og ei rekkje andre stopp langs leia. Sjå her for rutetider, stoppestader og prisar.

REISE MED FLY

Dei næraste flyplassane er Florø  og Sandane, med direktefly frå Oslo og Bergen. Ålesund lufthavn Vigra ligg 3 timar unna med bil, og har direktefly frå dei største byane i Noreg samt ei rekkje storbyar som London, København og Amsterdam. Bergen lufthavn ligg 6 timar frå Selje med bil. Det går dagleg ekspressbåt til Selje frå Bergen og Florø. Andre flyplassar i nærleiken er Sogndal lufthavn  og Førde.

BESTILLE TAXI

Tlf. Selje Taxi: 578 56 486

Tlf. Stadlandet Taxi:  578 57 242

..OG MEDAN DU ER i nordfjord

Nordfjord har alt i ein fjord! Er du nysgjerrig på kva anna du kan oppleve medan du er i området, sjå nordfjord.no.