Selja Kloster

Klosteret

 
 

Klosteret på den heilage øya

Legenda om Sankta Sunniva danna grunnlaget for etableringa av den norske kyrkja. Gjennom heile mellomalderen var Sunnivakulten eit viktig mål for pilegrimar som valfarta til Selja. Selja var bispesete for Vestlandet frå 1068-1170, og rundt år 1090 etablerte engelske benedictinarmunkar landets første kloster. På øya dyrka dei urter og bryggja øl, dreiv gardsdrift og handel, stelte sjuke, las og bad. Klosteret hadde si stordomstid på første halvdel av 1300-talet, og anlegget må ha vore eit praktfullt syn, med søylegangar, bogar og flotte ornament uthogde i steinen. Då svartedauden kom i 1348/-49 vart drifta redusert, og under reformasjonen vart klosteret nedlagt, plyndra og lagt i ruinar. 

 I dag kan du mellom anna klatre opp den smale trappa i kyrkjetårnet, lytte til kyrkjeklokka med den vakre klangen og gå inn i den heilage Sunnivahola, som i følgje Sigrid Undset er ”Norges eldste kirketak”. Klosterkyrkja og Sunnivahola har aldri vorte avvigsla, og det er derfor i vår tid mogleg å halde mellom anna bryllaup, barnedåp og konfirmasjon her. Frå den vesle Sunnivakjelda kan du drikke vatn som skal vere helsebringande.