Seljumannamesse

 
 

Seljumannamesse 1000 år 5.-8. juli 2024

Seljumannamesse er ein av våre eldste kristne merkedagar, og blir feira kvart år rundt 8. juli på Selja og Kinn. Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landskapslovene. Difor feirar vi no 1000 års-jubileum for Seljumannamesse i 2024.

Feiringa blir markert med ein jubileumsseglas mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga 5.-8. juli 2024 med veteranbåten m/s Atløy. Denne seglasen inngår som ein etappe i ein verdiseglas langs heile Kystpilegrimsleia 2024.

Det blir verdisamtalar, kulturprogram og folkefest på alle stoppestadene. I tillegg blir det arrangert Keltisk pilegrimskonferanse på Fjordly og messe på Selja kloster og Kinn gamle kyrkje. Les detaljert program for kvar stoppetstad nedanfor:

Kelstisk pilegrimskonferanse fredag 5. juli

Keltisk pilegrimskonferanse blir arrangert fredag 5. juli på Fjordly ungdomssenter på Bryggja i samarbeid mellom Fjordly, Filadelfia Stadlandet, Den norske kyrkja og Regionale pilegrimssenter. Gjest i år er Graham Booth, som driv det keltiske retreatsenteret the Glebe på øya Fetlar på Shetland.

Jubileumsseglas med m/s Atløy 5.-8. juli

Det blir arrangert ein jubileumsseglas med veteranbåten m/s Atløy mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga rundt Seljumannamesse 5.-8. juli. Her finn du program for dei ulike stoppestadene av jubileumsseglasen.

Florø fredag 5. juli

Selje laurdag 6.-sønag 7. juli

Måløy søndag 7. juli

Kalvåg måndag 8. juli

Kinn måndag 8. juli

Arrangørar:

  • Regionalt Pilegrimssenter Selje

  • Stad, Bremanger og Kinn kommunar

  • Bjørgvin bispedøme

  • Seljumannamessekomiteen i Stad

  • Keltisk pilegrimskonferanse

  • Fjordly ungdomssenter

  • Filadelfia Stadlandet

  • Pilegrimsfellesskapet Sta. Sunniva

  • Flora historielag