Selja Kloster

Sankta Sunniva

 
 

Legenda om
sta. sunniva

Saman med eit følgje flyktar den gudfryktige kongsdottera Sunniva frå Irland rundt år 960, då ein heidensk vikinghovding vil tvangsgifte seg med henne. I skinnbåtar utan segl eller årar let dei seg drive over det opne havet. Etter ei dramatisk reise kjem den eine båten kjem til land på øya Kinn, medan Sunniva og størsteparten av følget strandar på Selja.

Ei tid bur dei godt her på den frodige øya i vest, men etter kvart blir Sunniva og følgjet, som får namnet Seljumennene, skulda for å stele sauer som beitar på øya. Den brutale hardstyraren Håkon jarl kjem til øya for å ta livet av dei irske inntrengjarane, men før jarlen når dei, flyktar Sunniva og Seljumennene inn hola og døyr som martyrar i eit steinras.

Sidan ser forbipasserande eit blendande lys frå Selja, og på øya vert det funne menneskebein med ei vidunderleg, søt lukt. I 996 finn kong Olav Tryggvason og biskopen Sunnivas lekam i ura. Kroppen hennar er dekt av kampesteinar frå raset, men er likevel heil og uskadd – som om ho berre ligg og søv. Sunniva vert erklært helgen på staden: Sankta Sunniva. Noreg har fått sin første helgen!

Like ved den heilage Sunnivahola reiste Olav Tryggvason ei kyrkje til ære for Sankta Sunniva.  Leivningane hennar vart lagde i eit relikvieskrin på høgaltaret, og gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar frå heile Europa for å tilbe den heilage Sunniva.

Med si dramatiske flukt over havet, si urokkelege tru og sitt sjølvstende har Sankta Sunniva inspirert og trekt menneske til Selja i over tusen år. I dag er Sankta Sunniva vernehelgen for Bergen og Vestlandet, og vaktar særleg over dei sjøfarande.  

Sankta Sunniva og Seljumennene vert også heidra med sin eigen merkedag, Seljumannamesse 8. juli. Dette er landets eldste merkedag, og feirast framleis. Informasjon om Seljumannamesse finn du her.    www.seljumannamesse.no