Seljumannamesse 2025

 Seljumannamesse 5.-8. juli 2025

Seljumannamesse 8. juli er ein av våre eldste kristne merkedagar, og blir feira kvart år på øyene Selja og Kinn til minne om Sta. Sunniva og dei heilage seljemennene. Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landskapslovene.

Det er både katolsk og protestantisk messe, samt ortodoks liturgi på Selja i dagane rundt 8. juli. Det er katolsk messe både laurdag 5. og tysdag 8. juli. Den protestantiske messa er søndag 6. juli.

Selja er av Katolsk Bisperåd utnemnd til valfartsstad i jubelåret 2025 og pilegrimar til Selja kan motta avlat.


Laurdag 5. juli

  • 09.00-12.30: Bøn frå Selja. Arr: Fjordly ungdomssenter

  • 13.00 Katolsk messe. Arr: Vår Frue Kirke- den katolske kirke i Ålesund

    • 12.00 Båt frå Selje til Bø på Selja. 12.15: Prosesjon frå Bø til klosteret. 13.00: Høgmesse ve biskop Erik Varden. 15.30: Vesper. 16.15 retur med båt frå Klostervågen.

  • 09.00-16.00: Ope hus på pilegrimssenteret i Selje prestegard.

    • 09.00-16.00: Sal av vaflar, saft og kaffi/te. Ope pilegrimsmottak og turistinformasjon

    • 13.00-16.00: Sal av pilegrimssuppe i prestegardshagen

    • 13.00-17.00: Selje misjonsforeining sel kaker og kaffi i prestegardshagen

    • 13.00-16.00: Sal av ikon og handverksprodukt frå Hellige Sunniva Kloster og Seigla i borgstova i Selje prestegard

    • 14.00 Lansering av ungdomsboka "Sunnivas reise” v/Sara Lepsøe og Håvard Sand i hovudhuset i Selje prestegard

  • 18.00 i Selje kyrkje: Preminere på førestillinga “Sunniva av Selja”. Manus/regi: Sara Lepsøe og Håvard Sand. Musikalsk ansvarleg: Arild Stav. Arr: Stad kyrkjelege fellesråd.

  • Her får du kjøpt deg mat i Selje sentrum:

    • Mix Selje: kl 10.00-22.00

    • Frimannsbuda: kl 11.00-24.00

    • Selje presetegard: kl 09.00-16.00: Vaflar, saft, kaffi/te. Pilegrimssuppe, kaker og kaffi i hagen frå kl 13.00

    • Stad Kystmat: 14.00-18.00: food truck med lokalprodusert mat ved parken i Selje sentrum



Søndag 6. juli

  • 12.00: Protestantisk Seljumannamesse på Selja kloster v/ biskop emeritur Halvor Nordhaug. Arr: Stad Kyrkjelege Fellesråd.

  • 10.45, 11.15 og 11.30: Båt frå Selje til Selja. Første og siste avgang går direkte til klosteret, andre avgang går til Bø med vandring over øya frå Bø til klosteret. Det blir sett opp ekstraturar dersom båten er full slik at alle kjem seg over.

  • 13.30: første retur frå Klostervågen etter messa. Båten går i skytteltrafikk tilbake til Selje til alle er over. Det er også mogleg å gå på båten på Bø. Siste båt går frå Klostervågen kl 15.45. Siste båt frå Bø kl 16.00.

  • Her får du kjøpt mat i Selje sentrum:

  • Mix Selje: kl 10.00-22.00

  • Frimannsbuda: kl 11.00-24.00

  • Selje presetegard: kl 09.00-16.00: Vaflar, saft, kaffi/te. Pilegrimssuppe i hagen frå kl 13.00

  • Stad Kystmat: 14.00-18.00: food truck med lokalprodusert mat ved parken i Selje sentrum






Måndag 7. juli

Katolsk feirling i Selje prestegard og på Selja.

17.00: Foredrag om Sta. Sunniva i Selje prestegard v/professor Henning Laugerud, UiB

18.30: Grilling i hagen i Selje prestegard

20. 00: Båt til Bø på Selja. Vigile (Vesper og Matutin) i Sunnivahola på Selja

22.00: Båt frå Bø il Selje.

Sjå meir informasjon på katolsk.no

Her får du kjøpt mat i Selje sentrum:

  • Frimannsbuda: kl 11.00-24.00

  • Selje presetegard: kl 09.00-16.00: Vaflar, saft, kaffi/te.

Tysdag 8. juli

Ortodoks guddommelig liturgi i Selje kyrkje kl 08.00. Båt til Selja ca kl 10.30 med prosesejon til Sunnivahellaren.

Katolsk messe i klosterruinane på Selja

10.15: Båt frå Selje til Selja (Bø)

10.30: Prosesjon frå Bø til klosterruinane på Selja

11.30: Katolsk Seljumannamesse ved biskop Fredrik Hansen

14.30: Båt frå klosterruinane til Selje for dei som vil

15.00: Grilling, sosialt samvere og årsmøte i Venner av Selja klostergård

18.00: Båttransport frå Bø til Selje

Sjå meir informasjon på katolsk.no

Praktisk informasjon

Båtruter: Det blir sett opp båtruter frå Selje til Selja med klosterbåten til alle messene. Billettar kjøpast på nett eller på båten.

Overnatting: Oversikt over overnattingsstader finn du her

Mat: Det blir høve til å kjøpe mat m.a. på Mix, Frimannsbuda og i Selje prestegard. Laurdag og søndag har Stad kystmat ein food truck med lokalmat ved parken frå kl 14, og Selje misjonsforeining sel kaker og kaffi i prestegardshagen frå kl 13.