seljumannamesse 2026
Seljumannamesse
Seljumannamesse 8. juli er ein av våre eldste kristne merkedagar, og blir feira kvart år på øyene Selja og Kinn til minne om Sta. Sunniva og dei heilage seljemennene. Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landskapslovene.
Det er både katolsk og protestantisk messe, samt ortodoks liturgi i ruinane av kloster- og helgenanlegget på Selja i dagane rundt 8. juli.
Program for Seljumannamesse 4.-8. juli 2026
Laurdag 4. juli
00.00-24.00 Tidebøn i Sunnivahola på Selja. 24 timars tidebøn Arr: Bønn fra Selja https://utsendt.no/helenorgeber/
Båtruter frå Selje til Klosetervågen: 08.30, frå Selje til Bø: 08.55. Retur frå Klostervågen kl 15.30-16.30 eller 00.30. Sjå oppdaterte tider her
13.00: Katolsk messe. Arr: Vår Frue kirke i Ålesund https://alesund-katolsk.org/
Båtruter: 12.00 og 12.20: Frå Selje til Bø. Prosesjon frå Bø til Klosterruinane. 13.00 Høgmesse. 15.30. Vesper. 16.15 og 23.30: Båt frå Klostervågen til Selje. Sjå oppdaterte tider her
18.00: Konsert i Selje kyrkje med Ely Cathedral Choir. Arr: Stad kyrkjelege fellesråd.
Billettar kan kjøpast i døra eller bestillast her
21.00: Salmepub på Frimannsbuda. Gratis inngang. Arr: Filadelfia Stadlandet og Stad kyrkjelege fellesråd.
Selje prestegard er open til kl 18.00 med sal av pilegrimssuppe, vaflar og kaffi.
Søndag 5. juli
12.00: Protestantisk Seljumannamesse i klosterruinane v/dr. Theol. Jenny Wright, prest i den anglikanske kyrkja i Elykatedralen. Koret Cathedral Choir bidreg under messa. Arr: Stad kyrkjelege fellesråd https://stadkyrkje.no/Seljumannamesse
Båt frå Selje går kl 10.45 (Klostervågen), 11.10 (Bø), 11.25 (Bø) og 11.35 (Klostervågen). Retur til Selje etter messa.
Sjå oppdaterte båttider og bestill billettar her
Selje prestegard er open til kl 16.30 med sal av pilegrimssuppe, vaflar og kaffi.
Måndag 6. juli
14.00: Pilegrimsvandring langs Kongevegen over Mannseidet. Arr: Nøkkelstadgruppa for Selja kloster, Regionalt Pilegrimssenter Selje
14.00: Miniuss (16 plassar) frå Selje (nedanfor Selje prestegard) til Einerhaugen ved Kjøde. Bussbillettar kr 80,- kan kjøpast ombord.
14.20: Vi startar vandringa frå Einerhaugen over fjellet mot Eide ved Moldefjorden. Turen tek ca 3 timar, med ein del stigning på starten. Ta med gode sko og evt. niste.
17.00: Vi blir henta av bussen ved Eide, og køyrer til Selje prestegard. Her blir det muligheit for å kjøpe pilegrimssuppe, vaflar og kaffi.
18.00: Boklansering i Selje prestegard. Heidi Frich Andersen presenterer si rykande ferske bok “Jeg var Sunnivas trell” utgitt på Ventura forlag. Boka er ein roman spunne rundt legenda om Sta. Sunniva og følgjet hennar.
På Nordfjordeid: Ely Cathedral Choir deltek på følgjande arrangement som ein del av sin Noregsturnè: 11.00: Seniortreff på Betania på Eid. 18.00: Aftensang i Eid kyrkje kl. 18.00. Arr. Eid sokneråd.
Selje prestegard er open til kl 18.00 med sal av pilegrimssuppe, vaflar og kaffi.
Tysdag 7. juli
17.00: Seljumannamesseforedrag på Selje presetegard. “Forbudt fromhet under Norges eldste kirketak - Sigrid Undset på Selja”
18.30: Grilling i hagen i Selje prestegard. Sal av pølser og hamburgarar.
Vigile på Selja: påmelding her
20.00: Båt frå Selje til Klostervågen
20.30: Vigile og kloster- og helgenanlegget på Selja (vesper og matutin)
22.00: Båt frå Klostervågen til Selje
Arr: Oslo katolske bispedømme, Venner av Selja klostergård
Selje prestegard er open til kl 16.30 med sal av pilegrimssuppe, vaflar og kaffi.
Onsdag 8. juli
08.00: Ortodoks guddommelig liturgi i Selje kyrkje. Arr: Hellige Nikolai menighet
11.30: Katolsk messe i klosterruinane v/biskop Fredrik Hansen. Arr: Oslo katolske bispedømme og Venner av Selja klostergård
Båtruter: 10.15 og 10.30 Båt frå Selje til Bø. Prosesjon frå Bø til klosterruinane
11.30: Seljumannamesse. Predikant: Biskop Fredrik Hansen.
Messe etterfølgjast av piknik. Ta med matpakke, drikke og klede etter værmeldingane.
14.30: Båt frå Klostervågen til Selje
15.00: Båt frå Selje til Klostervågen
15.00: Grilling, sosialt samvere og årsmøte i Venner av Selja klostergård
18.00: Båt frå Bø til Selje.
Oppdatert program her
Selje prestegard er open til kl 16.30 med sal av pilegrimssuppe, vaflar og kaffi.
Båtruter
Det blir sett opp båt frå hamna i Selje senturm til Selja (Klostervågen eller Bø) med klosterbåten til Seljumannamesse alle dagar, med retur etter messene. Sjå detaljar for avgangstider på Fjordguiding Selje sine heimesider. Billettar kan kjøpast på nett eller på båten. På enkelte avgangar er det mogleg å gå over øya til/frå Bø.
Servering
Det blir høve til å kjøpe mat m.a. på Mix, Frimannsbuda og i Selje prestegard.
Overnatting
Oversikt over overnattingsstader i nærleiken finn du her