Sunnivadagar

SUNNIVADAGAr

Foto: Helle Frogner

Sunniva sine relikviar vart flytta fra Selja den 7. september 1170 til Bergen der ho vart lagt i domkyrkja. Dette blir markert med Sunnivadagar i Selje.



  • Arven frå Sunniva, ved Håvard Sand

    Håvard Sand er forfatter og foredragsholder.

    Han gav ut boka Drømmen om Norge i 2022.

    Boka vert omtalt som historiefortelling på ein ny måte. I spenningsfeltet mellom fakta, fiksjon og det profetiske, blir vi med på ei fartsfull reise til røtene for nasjonen Norge. Hildegunn Vederhus vert med, og krydrer foredraget med keltiskinspirert sang og musikk.

    Kunstutstilling i Selje prestegard

    Tre lokale kunstnarar vil laurdag og sundag halde utstilling i Selje prestegard. Det er opning av utstillinga laurdag kl. 12.

    Bård Fløde:

    Lokal amatørkunstnar inspirert av naturen han lever i.

    Helga Håvik Hjelmeland:

    Sjølvlært amatørkunstnar på leit etter eige uttrykk. Glad i fargar og ønsker å skape lys i bileta sine. Prøver seg difor fram med ulike teknikkar. Finn inspirasjon i alt frå natur, tv-seriar, interiørmagasin og bilete på instagram.

    Olav Harald Ulstein:

    Sjølvlært kunstnar som haustar gode kritikkar frå kunstkritikarar. Motiva hans er ville og dramatiske landskap. Han har gjort fleire større utsmykkingsoppdrag, og han har hatt utstilling saman med H.M Dronning Sonja.

    Steinar Engelsbrekson Band – Bandet med den ekte spelegleden

    Steinar Engelbrektson Band har base i vakre Nordfjord. Medlemmane i bandet kjem frå nordvestlandet. Det som kjenneteikne SEB er spelegleden dei leverer frå scena. Mange er blitt glad i dette bandet som leverer Dansbar Country til sitt publikum. Låter som «På grunn av bagateller», «Ikkje gje opp håpet» og «Heim til Nordfjord» er låter som skaper stemning og allsang der SEB spelar opp til dans.

    Steinar Engelbrektson Band består av:

    Steinar Engelbrektson - Vokal/trekkspel

    Sissel Lunde Sundby - Vokal/tangenter

    Tor Ove Sjåstad - Trommer

    Dan Mikal Ripe Frøystad - Steelgitar Even Solheim - Gitarer Oddmar Varpe - Teknisk leder

    Sunnivakoret og Altiplano

    «Jeg føler det helt inn i ryggmargen. De dypeste tonene fra den største panfløyten mer kjennes enn høres. Tonene blandes med mange andre toner fra andre panfløyter i forskjellige størrelser. Musikken til Altiplano er eksotisk, fascinerende, sprudlende og vakker.» (sitat: Bjørn Tønnesen)

    Altiplano såg dagens lys i Chile i 1976. Grunnleggjaren var Mauricio Vicencio, som framleis er frontfiguren i Altiplano. Dei første inspirasjonskjeldene fann dei i musikken til Aymarastammen i Bolivia og i Peru. Sidan har dei henta element frå fleire urfolk i Syd- og Mellom-Amerika.

    Samarbeidet med SKRUK, Per Oddvar «Prots» Hildre og Erik Hillestad starta alt på slutten av 1980-tallet. I 1989 spela Altiplano inn den første CD´en saman med SKRUK. Den fekk tittelen «Slipp mine fløyter fri» og vart ein gjengangar i NRK på 90-talet. Fleire av tekstane er på spansk, men flesteparten er gjendikta til norsk av Erik Hillestad. Han presenterte tekstane for indianarar i Ecuador. Dei rosa han for kor godt tekstane hans traff kulturen og tankesettet deira og kor godt dei passa inn i kulturen der melodiane hadde sitt opphav .

    I høve SKRUK sitt 50-års jubileum, kjem dei til Norge i august og september for være med på Jubileumsfeiringa til SKRUK og for å møte att fleire av dei kora dei har møtt tidlegare i Norge.

    Sunnivakoret, som i år har 20 års jubileum, øver no intenst på repertoaret dei skal ha saman med Altiplano. Det er utfordrande musikk med sine spenstige rytmer og flotte klangar.

    Søndag 10. september blir det konsert med Altiplano og Sunnivakoret i Selje kyrkje. Altiplano vil også dukke opp i gatebildet under Sunnivadagane.

    Program 2023

    Kart