Arrangement

 

Arrangement

 
 

Selja kloster. Foto: Henriette Hafsaas.

Historisk vandring rundt Selja 27. september (Mellomalderveka 2026)

Nøkkelstadgruppa ved Regionalt pilegrimssenter Selje og Stad kommune inviterer til ei historisk vandring rundt Selja i samband med Mellomalderveka 2026.

Vi tek Klosterbåten frå Selje til Bø og følger Sørstien fram til Selja kloster og helgenanlegg. Undervegs får vi oppleve fleire av dei spanande kulturminna på øya. Vi stansar mellom anna ved den store gravrøysa på Ilshaugen. Turen går vidare forbi den lune vika Heimen, der munkane kanskje hadde urtehagane sine i mellomalderen. Deretter passerer vi den imponerande Dunhellaren og marker der det kan ha vore dyrka korn i mellomalderen.

På Selja kloster og helgenanlegg vert det omvisning med fokus på historia til staden og dei nyaste funna og oppdagingane som er gjorde. Det vert også tid til å utforske området på eiga hand. Vi et medbrakt lunsj på klosterområdet eller i Røysetbuda.

Etter opphaldet går vi Klosterstien tilbake til Bø. Stien går gjennom eit landskap med kystlynghei – ein naturtype som i dag er kritisk truga av attgroing. Klosterstien har røter tilbake til mellomalderen, og vi passerer mange gamle kisteveiter som munkane har laga for å leie vekk overflatevatn. Frå Bø tek Klosterbåten oss tilbake til Selje.

Vel møtt til ei opplevingsrik vandring gjennom historia på Selja!

Program søndag 27. september

10.15 Oppmøte i Seljevågen

10.30-10.40 Avreise med Klosterbåten til Bø
10.40–12.45 Historisk vandring frå Bø til Selja kloster via Sørstien
12.45–13.45 Lunsj og omvisning på Selja kloster og helgenanlegg
13.45–14.30 Retur til Bø via Klosterstien
14.30–14.45 Båt tilbake til Seljevågen

Ta med gode sko, klede etter vêr og eigen lunsj.


Praktisk

Sørstien passerer ei ur og har fleire bratte parti der ein må bruke hendene for støtte. Deltakarane bør vere budde på å gå i ulendt terreng. For dei som ønskjer ein mindre krevjande tur, kan det vere mogleg å gå Klosterstien til og frå klosteret etter besøket i Heimen.

Påmelding og pris

Talet på plassar er avgrensa av kapasiteten på Klosterbåten. Pris: 200 kr per person (tur/retur med Klosterbåten). Betaling skjer på båten. For å lette planlegginga, meld deg gjerne på her:

 

Utsikt frå Dunhellaren. Foto: Henriette Hafsaas.

Reise frå Bergen og overnatting

Det er mogleg å reise til Selje både med eigen bil og med hurtigbåt frå Strandkaien.

Med båt

Til Selje

  • Avgang frå Strandkaien i Bergen laurdag 26. september kl. 14.15

  • Ankomst Selje kl. 19.15

Retur til Bergen

  • Avgang med hurtigbåt frå Selje søndag 27. september kl. 15.10

  • Ankomst Strandkaia i Bergen kl. 20.15

Med bil

Køyreturen frå Bergen tek om lag seks timar, avhengig av ruteval og ferjetider.

Overnatting

For dei som ønskjer å kome dagen før arrangementet, finst det fleire overnattingsmoglegheiter. For dei som kjem med hurtigbåten, er det mest praktisk å velje overnatting i eller nær Seljevågen.

Overnatting i Prestegarden kan bestillast her: https://seljeprestegard.no/overnatting-2/

Andre overnattingstilbod i Stad kommune: https://www.hjartestad.no/ein-stad-a-sove/

For tilreisande med eigen bil er Stad Hotell på Leikanger eller Thon Partner Hotel Måløy gode alternativ. Hugs å berekne køyretid til Selje.

 

Kart frå ut.no. Vi skal gå stiane rundt øya.

Turløypa

Turen er ca. 4,5 kilometer lang.